Framleis medborgar? Erfaringar frå personar som lever med demens i tidleg fase i utkantstrøk

Publikasjonsdetaljer

Studien viser korleis personar med demens i eit ruralt område opplever ulike faktorar som påverkar høve til å ivareta relasjonar og deltaking utanfor heimen. Data frå åtte intervju er oppsummert i fem tema som identifiserer ulike områder med betydning for sjølvstende og kontroll over eige liv: Faktorar som påverka høve til transport og mobilitet (1), høve til disponering av eigen økonomi (2), høve til deltaking på uformelle arena (3), høve til deltaking i yrkes- og samfunnsliv (4) og faktorar som kan fremja høve til sjølvstende og deltaking (5). Funna viser at digitale faktorar set grenser for deltaking; blant anna opplever informantar at komplisert innlogging i nettbank hindrar disponering av eigne pengar og komplisert brukslogikk i sosiale medium vanskeleggjer kommunikasjon med både venner og familie. Slike faktorar kan dermed forsterka konsekvensane av lidinga, og ytterlegare ekskludering kan bli resultatet. Men denne studien gir og grunnlag for å tru at betre tilrettelegging kan gi auka tilgang til ulike samfunnsarena.